Alt forandrar seg
og vi er med

Gjennom heilheitleg tenking, med spesielt fokus på design og kommunikasjon bygger vi varige og sterke konsept.

Vårt motto er

Aktuell, kunnskapsrik og engasjert.

Sagaparken Panorama - leilighetskompleks

Eit spennande totaloppdrag for vår kunde Dvergsdal & Sunde Bygg på Nordfjordeid. Vi fikk bistå med utvikling av namn, logo, profil og konsept. I tillegg har vi produsert salsprospekt og nettside for alle tre byggetrinn.

KINN KOMMUNE

I 2019 fekk Byrr æren av å designe kommunevåpen for den nye kommunen Kinn, tidlegare Flora og Vågsøy kommune. Noregs raraste kommune? Kanskje det, men vi er uansett glade i både Florø og Måløy – og alt som ligg derimellom.

Det nye kommunevåpenet frontar Flora og Vågsøy si stolte maritime historie gjennom ei stilisering av baugen på ein båt.

STENSGÅRD OG BILLINGEN SETERPENSJONAT / SKJÅK

Utvikling av logo, grafisk profil og nettside.

STAD KOMMUNE

Etter konkurranse med fleire andre designbyrå, fekk Byrr gleda av å designe kommunevåpen for den nye Nordfjordkommunen Stad, tidlegare Eid og Selje kommune. Oppgåva frå oppdragsgjevar i den nye kommunen var klar; Vi vil ha med både Fjordhest og St. Sunniva i det nye kommunevåpenet.

Vi tok utfordringa og resultatet er blitt veldig godt motteke. Vi gledar oss verkeleg til å arbeide vidare med denne nye og spanande kommunen.

Konseptutvikling

I Byrr sine kreative prosessar står konseptutvikling alltid sentralt. Gode idear er eit resultat av kunnskap og kreativitet.

Ein god idé byggjer på ein fast, heilheitleg tanke og har eit tydelig fotfeste i ein strategi med bestemte mål.

Om du skal starte ei ny bedrift, eit nytt produkt, ei ny teneste eller eit forretningskonsept, vil konseptet vere med å synleggjere unike løysningar i det faglige skjæringspunktet der kommunikasjon møter design.

Konseptet blir den overordna idéen som ein tek ut på alle kommunikasjonsflater.

MALAKOFF Rockfestival

Året 2020 skulle bli annleisåret. Eit år prega av Coronavirus og avlyste konsertar og festivalar. Også for Malakoff.

Midt opp i all usikkerheit og dramatikk rundt dette, har Malakoff og Byrr lansert ny profil og eit optimistisk nytt konsept. Alt endrar seg – og i år har det verkeleg gjort det. Det nye konseptet syner at Malakoff er aktuell og oppdatert. Sommaren  2020 hadde Malakoff ein vellukka mini sommarturné med bodskapen Stay Happi og Live laga. Malakoff held poteta varm med klar beskjed om om at fokuset ligg på rykande varm livemusikk og glade andlet.  Malakoff er tydelege på at dei kjem sterkt tilbake så snart forhalda ligg tilrette for det. 

Namneutvikling

Å finn eit godt namn er ikkje alltid lett. Namneval er ein viktig del av det heilheitlege arbeidet med å forme konseptet og den visuelle profilen. Saman med logoen blir namnet ofte det første marknaden og kundane møter.

For oss handlar det om å arbeide fram eit godt namn som kan klargjere kva oppgåve namnet har. Kva fortel namnet oss, – er det konkret, abstrakt eller assosierande?

Ein god prosess startar med å definere ei tydeleg oppgave, sette riktige kriterier, og styre eigne forventningar til kva eit nytt navn skal oppfylle, for kven – og korleis.

Oppgåva vår er å vere med å skape eit namn som skal tydeleggjere og personifisere merkavara sin identitet. 

Operahuset Nordfjord

Etter 10 vellukka år som operahus i Nordfjord, fekk Byrr vere med på feiringa med revidert logo og produksjon av flott jubileumsmagasin som dokumenterte ti aktive og innhaldsrike år. Lyspunkt på rekke og rad!

Port Of Nordfjordeid

Logo og profilutvikling for Nordfjordeid si satsing som ny cruisehamn i Nordfjord. Vi stod òg for utvikling av slagordet «The Viking Destination».

Husevåg Arkitektur

Logoutvikling for arkitektfirmaet Husevåg.

Sagastad

Sagastad er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du m.a. oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Byrr har hatt gleda av å utvikle logo, profil og konsept. I tillegg har vi levert foto, illustrasjonar og profilelement.

Logo og profildesign

Design handlar om å gje merkevara liv. Det handlar om å syne igjen i mengda, om stoltheit og meirverdi.

Byrr sine designarar har lang erfaring med utvikling av grafiske profilar, og vi jobbar med design på alt fra enkle oppdrag til heilheitlege konsept.

Dei viktigaste, synlege merke- og profilelementa er namnet, logoen, fargane, typografien, biletbruk og evt. grafiske tilleggs-element.

Dette er heilt sentrale element i den visuelle verktøykassa til merkevara, som til slutt kan oppsummerast i ein profilmanual.

Selstad

Selstad er ein internasjonal kompetanse- og utstyrsleverandør til havbaserte næringar. Vi har utvikla konsept, slagord og grafisk profil for kunde og bistår kontinuerlig i markedsarbeidet. 

Nettsider

Utviklinga i den digitale verda går fort og vi arbeider heile tida med å vere i forkant.

Vi designer nettsider i WordPress publiseringsverktøy tilpassa pc, nettbrett og mobil. WordPress er eit enkelt system å bruke for deg som kunde og lar oss bygge nettsider effektivt.

For at nettsida skal være stabil og trygg tilbyr vår samarbeidspartner Snitt Reklame handtering av serverløysinger, drift og support

COOP Norge

I samarbeid med designbyrået Farmhouse utviklet vi logo og grafisk profil for lokalmat-avdelingene til Coop Norge. Designet er inspirert av rosemaling og nasjonalromatisme. 

HAVFRUEN

Utvikling av logo og grafisk profil for kafé / restauranten Havfruen.

Halsteinslid

Utvikling av logo og grafisk profil for regnskap- og rådgjevingsselskapet Halsteinslid.

Inviro

Utvikling av namn, logo og nettside for Nordfjordeid Næringshage / Nordfjord Virtuelle Campus.

Konseptutvikling av eige brand - 514 DJUPT VATN

Logo, design og konsept for «vår eigen» termos – som er inspirert av Europas djupaste innsjø som ligg i Stad kommune i Nordfjord – og samtidig – ein hyllest til vår lokale vasskjelde som leverer godt, reint og friskt vatn til Nordfjordeid og omegn.

ADVACO

Utvikling av logo og grafisk profil for advokatfirmaet Advaco.

BYRR AS
Org. nr. 914 557 658
Eidsgata 46
6770 Nordfjordeid

Geir Kroken
Dagleg leiar
901 71 556
geir@byrr.no

Steinar Engeland
Kreativ leiar
958 14 927
steinar@byrr.no

Eirik Føleide
Designar
959 48 488
eirik@byrr.no